Djupviktunet er eit gardsbruk med røter tilbake til 1500-talet. Ragnhild og Magne kjøpte garden i 1983, og har drive han fram til 2019. Då overtok sonen, Sigurd, som driv i dag. Foreldra hjelper ved behov. Drifta består av mjølkeproduksjon, skogbruk (tømmer- og vedproduksjon), "Inn på tunet"-aktivitet og turisme. Ragnhild og Magne kjem frå nabokommunane, Kvam og Kvinnherad. Ragnhild er ergoterapeut og Magne er bonde. Dei har 4 born som har vakse opp på garden, men som no har flytta ut. Dei har leigd ut til turistar i den restaurerte Gamlastova på garden og den vesle hytta Kroa sidan 1998. Dei trivst med å vere turistvertar og bygde difor ei ny stor utleigehytte i 2016. Denne hytta er spesielt tilrettelagt for rullestolbrukarar og har utandørs badestamp.
Ragnhild og Magne har og hatt aktivitetshelgar og sommarleirar for funksjonshemma i 10 år, og dei tilbyr tilrettelagt arbeid for ungdomar og andre som har behov for det. Djupviktunet er godkjend "Inn på tunet"-gard og tilbyr slike tenester. Sjå www.matmerk.no. Djupviktunet har 3 hytter for utleige heile året. Hyttene ligg tett på garden, i landlege omgjevnader, og gjev innsyn i gardsarbeidet. Den omkringliggande naturen er vakker og omfattar både fjord, fjell, vidde og skog. Dette legg til rette for eit variert aktivitetsprogram med til dømes fiske, bading, båtliv, aktivitetar på stranda og turar i fjell, skog og mark. Djupviktunet er og eit godt utgangspunkt for sightseeingturar til blant anna Folgefonna (både med og uten ski på beina ), Rosendal med Baroniet, Hardanger og Bergen. |
Djupviktunet is a farm dating back to the the 1500s. Ragnhild and Magne bought the farm in 1983. In 12019 they passed the farm on to the next generation; their son Sigurd. The farm currently contains cows, and we also do various types of forestry production forestry (timber and firewood production), as well as "Into the yard" activities and tourism. Ragnhild is an occupational therapist and Magne is a farmer. When not running Djupviktunet, their son Sigurd works in the oil industry. They have 4 grown-up children who grew up on the farm. Their son and the current owner of Djupviktunet, Sigurd, works in the oil industry when he is not running the farm. Tourists have rented the restored "Gamlestova" and the little hut "Kroa" since 1998. Ragnhild, Magne and Sigurd's vision for Djupviktunet is for it to become a place accessible to everyone. They therefore built a new cabin available for rent in 2016. This cottage is accessible to wheelchairs. The cabin also contains an outdoor hottub.
|